Vigsel

Vigsel

Par som ynskjer å vie seg her i Tokke kan registrere sitt ønske om bryllupsdag her.

Det er mogleg å vie seg i alle dei fem soknekyrkjene våre, i tillegg kan Skafsåheii fjellkyrkje og den flotte hagen hjå Dalen hotel nyttast.

På bestillingsskjemaet ligg kun Eidsborg stavkyrkje med datoar for når det er mogeleg å reservere tidspunkt..
Dersom dere ønske en annen kirke, ber vi om at dere tar kontakt med oss.

Me åpnar for reservasjon av vigsel januar året før vigselen skal gå føre seg.

Du kan registrere din forespørsel om vigsel i våre kirker ved å klikke her, og registrere dato og annen info om brudeparet.

Les meir om vigsel på heimesida til Den norske kyrkja.
Her finn du blant anna link til viktige skjema som må fyllast ut, informasjon om korleis vigselen foregår, valmoglegheiter og vigselslitturgien.


Reglar for brukarbetaling ved utleige av kyrkjer til vigsel, vedteke av Tokke kyrkjelege fellesråd og godkjent av Agder Bispedømmeråd:

  1. Vigsel i kyrkjene kan berre skje etter samtykkje av soknepresten
  2. Vigsel der ein eller begge bur i kommunen og er medlemmar av Den norske kyrkja, er å rekne som ein del av kyrkjelyden sitt arbeid, og det vert difor ikkje kravd avgift.
  3. Vigsel der korkje brura eller brudgommen bur i kommunen eller har vore busett (folkeregistrertført) i kommunen eller der ingen av dei er medlemmar av Den norske kyrkja eller vigsel skjer i regi av andre kyrkjesamfunn, skal det betalast fylgjande prisar for leige:
  • Grunnleige på kr 3.700,-. (Dette skal dekkje vedlikehald, oppvarming, reinhald og tenester utført av kyrkjetenar)
  • I tilegg kjem kr 2400,- ved bruk av organist tilsett i kyrkja.

Reglane for utleige av kyrkjene i Tokke prestegjeld gjeld frå 01.05.15. Det tas forbehald om justering.


Det vil også tilkomme eit gebyr for bruk av prest om dykk ikkje er tilhøyrande i Øvre-Telemark Prosti.