Alle rettigheter 2019 Tokke kyrkjelege fellesråd

Påmelding til konfirmasjon 2019-2020


Velkommen til ny konfirmasjonstid!

 

Dei som vel å konfirmere seg i Tokke er med på eit opplegg som dei andre konfirmantane i Øvre Telemark deltek i. Det er kalla «Ønsket og Elsket». I lag med konfirmantkull frå heile prostiet deltek vi ei veke med leir på Gjennestad videregåande skule på starten av sommaren. Konfirmantar frå Sauherad, Notodden, Hjartdal, Kviteseid og Vinje skal også delta her. Det blir om lag 200 ungdommar som skal samlast til ei hektisk, men moro veke, med mykje leik, livsglede og undervisning.

Leiren utgjer om lag halve konfirmasjonsundervisninga. I tillegg vil det bli nokre samlingar gjennom året fram mot neste vår. Konfirmantane våre vil framleis vere tilstades på og vere med på å halde gudstenester gjennom året i 2019-2020. 

Vi vil oppmode kyrkjelydene våre i Tokke til å vere med på å støtte konfirmantane våre. Konfirmasjon er ei familiehending som er flott. Samstundes er det også ei viktig hending i kyrkjelydene våre. Kvar sundag bed vi for konfirmantane våre, somme gonger deltek dei. Det er veldig flott om mange kjem på dei gudstenestene der ungdommen deltek, til dømes samtalegudstenesta, det syner at dei vert akta som verdifulle for oss. Til sist oppmodar vi også kyrkjelydene våre til å hugse på ungdommen i bøn gjennom året. Konfirmantåret i kyrkja vår skal vere ein skatt og ei kjelde å ha med seg vidare i livet.

Alle må melde seg på konfirmantleiren "Ønsket og Elsket" i tillegg til den lokale påmeldinga for konfirmasjon i Tokke - Innan 1. mai 2019!

Påmelding konfirmant i Tokke 

Påmelding konfirmantleiren finn du på siden om "Ønsket og Elsket". (påmelding tilgjengelig etter 01.03.19)

Tilbake