Alle rettigheter 2019 Tokke kyrkjelege fellesråd

Fadder


Kva er ein fadder?

Ein fadder er eit vitne som har eit ansvar. Under dåpsseremonien seier presten dette til fadrane: Saman med vår menighet og heie kyrkja har dykk fått del i eit heilag ansvar: å vise omsorg, be, hjelpe barnet til å bruke Guds ord og delta i den heilage nattverd, så barnet kan leve og vokse i den kristne tru. 

Kven kan være fadder?

Barnet må ha minst to fadrar. En fadder må ha fylt 15 år og minst to fadrar må være medlem av Den norske kyrkja. Medlem av andre kyrkjesamfunn kan være fadrar så lenge dei aksepterar barnedåp. Det er inga øvre grense for kor mange fadrar det kan være. Minst to fadrar må være tilstades under sjølve dåpshandlinga. Foreldre kan ikkje være fadrar.

Å velge fadrar

Det er vanleg å velge fadrar blant familie eller vennekrets. Dei fleste er nøye med kven dei spør, fordi man ynskjer at ein fadder skal være ein voksenperson som bryr seg om barnets beste. Fra gamelt av hadde fadderane forpliktelse til å ta seg av barnet hvis foreldrene døde. Slik er det ikke lenger.

Velg fadrar i god tid, så kyrkjekontoret får ordna me alle papir før dåpen. Fadrane registrerast i påmeldingsskjemaet, gjerne når dykk sendar førespurnaden, men minst ei veke før dykk skal på dåpssamling eller ha samtale med presten.

Fadderoppgåver

Dåpen er ei gåve, og ein fadder skal være med å «pakke opp» gåva. I praksis kan det være å bidra til at barnet blir kjend med det som skjer i kykja, med høytidane, med historiar frå Bibelen og gje vegleiing i rett og galt. Har man sagt «ja» til å være fadder, har man også sagt ja til å vise ein spesiell omsorg for barnet. Derfor vil ein god fadder være ein som også kan være der når barnet treng råd og støtte.

 

Tilbake