Priser ved vigsel


Reglar for brukarbetaling ved utleige av kyrkjer til vigsel, vedteke av Tokke kyrkjelege fellesråd og godkjent av Agder Bispedømmeråd:
 

  1. Vigsel i kyrkjene etter Den norske kyrkje sin ordning av ordinerte som ikkje har teneste i soknet, kan berre skje etter samtykkje av soknepresten, prost eller biskop, jf. § 12 tenesteordning for kyrkjelydsprest.
     
  2. Vigsel i kyrkjene etter ordning for andre kyrkjelege trossamfunn sine ordningar eller forbøn for borgeleg inngått ekteskap som utførast av andre enn dei ordinerte som gjer teneste i soknet kan berre skje etter samtykke frå soknerådet, jf. regler for bruk av kyrkjene § 8.
     
  3. Vigsel av par der ingen i bur i kommunen eller har vore busett (folkeregisterført) i kommunen eller der ingen av dei er medlemar av Den norske kyrkja, skal det betalast følgjande prisar for leige med organist kr. 6.750,-, utan organist kr. 4.350,-.
     

Reglementet og gjeldande priser gjeld frå 1. januar 2022.

Det kan også tilkomme eit gebyr for bruk av prest om dykk ikkje er tilhøyrande i Øvre-Telemark Prosti.

Tilbake