Diakoniprisen 2021


Diakoniprisen for 2021 gjekk til Yngres i Vrådal!

 

Søndag 17. oktober var det Diakonisamling for Vest-Telemark i Kviteseid kyrkje. Diakoniprisen i år gjekk til Yngres-arbeidet i Vrådal. Dei tre eldsjelene Astrid og Jan Gunnar Breivik, og Håkon Birkeland fekk lang og god applaus. Det var styreleiar i Diakonatet Oscar J. Garnes(t.h) som stod for prisutdelinga.

Kyrkjerådsleiar Kristin Gunleiksrud Raaum delte tankar om kor avgjerande det er at kyrkja er diakonal. Elles var det song av koret Amos frå Austre-Moland. Vel hundre deltok på samlinga. Neste år er det Treungen som er vertskap fyrste sundagen etter påske.

Tilbake