VERDSDAGSSAMLING I NESLAND ONSDAG 9.OKTOBER KL. 18:00
Onsdag 09.oktober er Verdsdagen for psykisk helse. Tema er «Me treng å snakke meir saman.» Med ei oppmoding om gje åtte minutt til eit anna menneske.
Det kan gjere ein skilnad for nokon.
Så gjer det og godt å kome saman. Difor marker Diakoniutvala i Vinje og Tokke Verdsdagen med samling i Nesland kyrkje ondag 9.oktober 2024 kl. 18:00
Det er lova bollar og brus, og i programmet elles vil ein møte Linda Greiner frå Mental Helse i Vest- Telemark, samt representantar frå Psykisk helse i Tokke og Vinje som fortel om deira tilbod når folk treng hjelp med psyken.
Elles vil Tone Susanne Kvasjord frå Fyresdal fortelje om kva som hjalp henne når ho hadde det det vanskeleg. Kveldenvert avslutta med ein enkel liturgisk kvardagsmesse med Tor Eivind Erikstein med fleire.
Arr.: Diakoniutvala i Tokke og Vinje