Liv Lia fekk diakoniprisen for Vest-Telemark 2022


Sidan 1994 har Diakonatet i Vest-Telemark delt ut ein Diakonipris. Han kan anten gå til lag og organisasjonar som yter ekstra neste kjærleg omsorg, eller einskild menneske som er med på å gjere lokalsamfunna i Vest-Telemark varmare.

I år er det Liv Lia frå Nissedal som fekk prisen i nær fullsett Treungen kyrkje under Diakonsamlinga for Vest-Telemark (24.04.22), og forsamlinga klappe lenge og vel for ein omtykt prisvinnar.

Styreleiar i Diakonatet, Oscar J. Garnes, lista opp ein lang diakonal CV om eit menneske som tydeleg og venleg i møte med alle menneske, og som har delteke i mange ulike oppgåver som frivillig. Nattkafevert, engasjert pizzasnurrbakar for konfirmantane og ansvarleg for blomane på altaret i Treungen kyrkje. 

Tilbake