Verdiseminar 2022


Verdiseminaret 2022 blir på Vinjehuset i Åmot laurdag 12. november kl 12 - 15.

Temaet i år er VON

 

Det er urolege tider, me treng von, håp i bøtter og spann.
Kvar finn me vona no om dagen?
Laurdag 12 november 2022 er det igjen klart for Verdiseminar på Vinjehuset
Sidan 2004 har Diakonatet i Vest- Telemark, Kyrkja i Vinje og Vinje kommune arrangert Verdiseminar.
Tema har vore så ulike, men kanskje er det årets tema som alltid har ligge under; VON.

Program:

Opning ved styreleiar i Diakonatet Oscar J. Garnes
Von i dag
Ved kultursjef i Vinje Kristian Rantala
Kvar finn ein von i kampen for ei betre verd?
Ved Siv Engerhaugen Bonde, leiar av Nettverkseksjonen i Kirkens Nødhjelp
Kjelder til von i mitt liv
Ved pilegrim og journalist Torleiv Berdal
Å preike von
Ved sokneprest i Kviteseid Møyfrid Lunde
Å møtes i von.
Nokre av Vinjes sine trus og- og livssynsamfunn avsluttar seminaret med å dele tekster om VIN.
Elles deltek kantor Robetas Lamsodis med musikk gjennom dagen


På kvelden arrangerarar forresten Vinjehuset ein konsert med Bjørn Tomren og Heine Bugge med bandet deira Polkabjørn og Kleine Heine kl. 21.

Tilbake