Diakoniprisen 2023


Tekne på senga med diakonipris!

Bilde fv. Tor Helge Midtbø, Kristin Kleiv, Jan Gunnar Haugen,Oscar J. Garnes ( Leiar i Diakonatet) Jan Arild Ålandslid og Vidar Magnushommen.

Gjennom Diakonisamatbeidet i Vest-Telemark har ein dei siste tretti år delt ut ein Diakonipris. Lista over dei dei som har fått påskjøninga er ei heil lita kyrkjehistorie. 
Her finn lokale diakonidamer, lokalavis, ein postmann, fleire kafear, og no også eit contryband. 
På Diakonisamlinga for Vest- Telemark (sundag 16.april) spela bandet No Boots til songane, og i samband med kunngjeringane bad leiar for Diakonatet i Vest- Telemark Oscar J. Garnes bandet kome fram for å ta imot Diakoniprisen for 2023.   
-    Dette var aldri i mine tankar, sa leiar for bandet Jan Gunnar Haugen, me vart teke heilt på senga, då han tok imot prisen.
I grunngjevinga for prisen heiter det. 
No Boots har alltid vore lette å be å be på diakonale samanhengar. 
Ein viktig bit av diakonien er fellesskap, det gjer No Boots i rikeleg monn. Gjennom musikken samlar dei folk, og forløyser tankar og tonar i glede og sorg. 
Det starta med Johnny Cash – messe i Vinje kyrkje for mange år sidan. 
Elles har dei delteke på Bispevisitas i Vinje, Diakonisamling på Dalen ( 2012) støttekonsert for Skogsleiren i Fyresdal før nedlegginga. Delar av bandet har i fleire år spela ved avslutninga av pilegrimsvandringane i Rødal. (Vandring mot fridom, Å vandre med håp). 


Tidlegare Diakoniprisvinnarar 
1994: Gotfred Rekkebo (post mortem), Nissedal 
1995: Vest-Telemark Blad, Kviteseid 
1996: Kirkens SOS i Telemark, 
1997: Nattcaféen i Treungen, Nissedal 
1998: Anna Midtgård, Kviteseid
1999: Kari Veum, Nissedal
2000: Bjørn Hove, Møsstrond, Vinje 
2001: Kirsti og Magne Skjæveland, Kviteseid
2002: Diakonitenesta for skogsleiren i Fyresdal, Fyresdal 
2003: KFUM-speidarane i Vinje og Edland, Vinje 
2004: Waldenstrøm Kafe, Kviteseid 
2005: Oddvar Ripegutu, Søgne
2006: Arthur Haugen, Tokke
2007; ”Ungdom hjelper ungdom.” Kvitsund-prosjekt som driv ungdomsklubbar i Vest-Telemark, Kviteseid
2008: Leif og Signe Sølyst, Fyresdal
2009: Tusen Stjerner, Tokke
2010 Else Ibrekk, Kviteseid 
2011 Martha Tveit, Nissedal
2012 Gunstein Seltveit, Tokke   
2013. Kari Bjåen, Vinje 
2014 Bønefelleskapet i Rauland, Vinje 
2015 Kjell Lindheim, Kviteseid 
2016 Gudny Lid Unhjem, Vinje 
2017 Inger Johanne Aaheim, Nissedal 
2018 Kakeringen, Vinje 
2019 Tilsette og innsette i Arendal fengsel avdeling Kleivgrend , Fyresdal 
2020: Kvendelaget i Åmot, eit økumenisk- diakonal tiltak som driv hjelpearbeid i Aust- Europa 
2021: Yngres i Vrådal, Kviteseid 
2022 Liv Kjellfrid Lia, Nissedal 
2023: No Boots, Kviteseid 

Tilbake