Tokke kyrkjelege fellesråd > Kyrkjene > Artikler > Artikkeldetaljer


LAT HUMLA SUSE


LAT HUMLA SUSE!!

Det er eit stort arbeid å halde plenene på kyrkjegardane fine. Men kyrkjetenarane Ståle Skafså  og Jan Hedi Haddad (tv) , saman med sommarhjelpene står på på dei fem kyrkjegardane i Tokke.

Om nokon reagerar på at på somme område få graset vekse høgare, er det av omsyn til naturen.

-Denne våren set me att nokre grasremser i utkantane av kyrkjegardane, seier kyrkjetenarane, slik gjev me småkrypa ro til å gjere si viktige oppgåve.

Å vente med å klyppe gjev ville plantar – som løvetann, tusenfryd og kløver – ein sjanse til å blomstre, noko som gjer viktig mat til pollinerande insekt

I Noreg er det registera  210 bie -og humleartar. Av desse er 31 prosent hamna på raudlista, skriv Aftenposten.

Tilbake