Tokke kyrkjelege fellesråd > Kyrkjene > Artikler > Artikkeldetaljer


Litt nærmare himmelen?


Høydalsmo kyrkje skal løftast opp frå grunnmuren før jol. 

Arbeidet med restaurering av Høydalsmo kyrkje er i gong, og planen er at heile kyrkjebygget skal løftast opp frå sin eigen grunnmur før jol og kyrkja vil dermed vera litt nærmare himmelen. 

Det er Froan AS som står for arbeidet med kyrkja, og har no i starten av november hakka vekk betongen på grunnmuren for å kunne sjå korleis det ser ut under kyrkja, for å kunne planleggje løfteprosessen av bygget. Dei har òg løfta på enkelte kledningsbord for å sjå korleis laftetømmeret ser ut under.

Til no har dei oppdaga maurangrep på dei eine sida, men dette var noko som ein hadde forventa å finne.

Etter kvart som prosjektet går vidare skal kyrkja skrapast og malast, og vindaugene skal restaurerast.

Kyrkja er stengt for all aktivitet fram til prosjektet er heilt ferdig. Gravferder vil bli forretta i Lårdal og så vil sjølve gravlegginga vere på gravplassen på Høydalsmo.

 

Tilbake