Tokke kyrkjelege fellesråd > Kyrkjene > Artikler > Artikkeldetaljer


Matkassar til jol


I advents- og joletida ønskjer kyrkja og diakonien å vere med og gjere Vest-Telemark til ein varmare stad å bu.

Gjennom ordninga med matkassar ønskjer vi å gje ei jolehelsing og ei oppmuntring til personar og familiar som har trong økonomi eller som av andre grunnar har ei krevjande tid.

Om du eller nokon du kjenner kunne ha glede av ei matkasse til jol, vil vi gjerne at de tek kontakt. Alle førespurnader blir behandla på ein trygg og respektfull måte.

Kontakt: Prostidiakon Eilev Erikstein Telefon: 911 13 580 eilev.erikstein@tokke.kommune.no

eller dei lokale kyrkjekontora.

Ingen skal måtte stå åleine inn mot jul. Ta gjerne kontakt dersom du treng ei hjelpande hand, eller kjenner nokon som gjer det.

Tilbake