Årets Fasteaksjon i Tokke er avslutta.
Grunna koronasitusjonen bestemte Kirkens Nødhjelp seg for ein heildigital aksjon. Til no er det samla inn nesten 12 millionar frå heile landet, medan Vest- Telemark har samla inn 131 000. Dryge 26 000 av dei kjem frå Tokke. I fjor kom det inn 56 000 frå Tokke.
I Eidsborg/Mo og Skafså sokn var det samla inn kr 21343,-, og i Høydalsmo og Lårdal sokn kr. 4876,-.