Smittevernvegleiar


På bakgrunn av Covid-19 er det utarbeidd ein nasjonal smittevernleiar

I tillegg har Tokke kyrkjelege fellesråd laga ein lokal smittevernvegleiar som du kan lese her:

 

Lokal smittevernvegleiar for kyrkjelege handlingar i Eidsborg, Mo og Skafså sokn, samt Høydalsmo og Lårdal sokn (versjon 3.0).
 

Vedteke av leiinga i EMS sokneråd (19.05.20), handsama i EMS sokneråd 04.06.20.

Vedteke av leiinga i HL sokneråd (20.05.20), handsama i HL sokneråd 28.05.20.

 

Sokneråda godkjenner at kyrkjeverja justerer smittevernvegleiar ut frå endringar i bransjestandard, nasjonale føringar og lokal erfaring.

 

Lokal smittevernvegleiar er basert på smittevernvegleiar «Bransjestandard for Den norske kyrkje», versjon 2.0, pr. 16.09.2020.

  • Lokal plan for smittevern utarbeidd 13. mai, revidert 29.juni og 02.oktober.
  • Gjennomføre gjennomgang av smittevernplan med stab (stabsmøte 19.05.2020).
  • Lokal smittevernvegleiar vert gjort tilgjengeleg på nettsider ved oppslag i kyrkjene.

1. Lokale tilhøve

  • Godkjente kapasitet kyrkjebygg (normalsituasjon):

Høydalsmo kyrkje 60 + 15 (galleri), Eidsborg stavkyrkje 70, Skafsåheii Fjellkyrkje 100, Skafså kyrkje 104 + 14 (galleri), Lårdal kyrkje 120 + 15 (galleri), Mo kyrkje 132 + 17 (galleri).

 

  • Alle kyrkjebygg er mindre enn det nasjonale føringar opnar for, difor er det naudsynt med lokal tilpassing til § 13 covid-19 føresegn. Det er det tilgjengelege talet på benker og størrelsen på ulike husstandsgrupper som avgjer maksimaltalet på deltakarar i kvar kyrkje.

Eidsborg: tal på ledige benkar og sitjeplassar pr. benk må inn.

Høydalsmo: tal på ledige benkar og sitjeplassar pr. benk må inn.

Lårdal: tal på ledige benkar og sitjeplassar pr. benk må inn.

Skafså: tal på ledige benkar og sitjeplassar pr. benk må inn.

Mo: tal på ledige benkar og sitjeplassar pr. benk må inn.

 

  • Vedtak i krisestab (02.10.2020):

1. Eidsborg stavkyrkje er inntil vidare stengt for gravferd.

2. Alle sakristi er stengt for publikum (Lårdal, Mo og Skafså).

3. Alle galleri er inntil vidare stengt for publikum, men kan nyttes ved ekstraordinære høve.

2. Generelt knytt til aktivitet

  • Dåp vert vurdert ved kvar einskild høve – med utgangspunkt at dåp kan gjennomførast etter ordinær gudsteneste, alternativt som eigen særskilt dåpsgudsteneste.
  • Det er krav om at det er ein kyrkjevert til stades ved gudsteneste i tillegg til prest, organist og kyrkjetenar.
  • Det vert nytta eingongsbeger til nattverd.

Forsterka reinhald skal gjennomførast før arrangement når det er mindre enn 24 timer mellom arrangement i same kyrkje.
 

Tilbake