Velkommen til ei ny konfirmasjonstid!
Dei som vel å konfirmere seg i Tokke er med på eit opplegg som dei andre konfirmantane i Øvre Telemark deltek i. Det er kalla «Ønsket og Elsket». I lag med konfirmantkull frå heile prostiet deltek vi ei veke med leir på Gjennestad videregåande skule på starten av sommarferien. Konfirmantar frå Sauherad, Notodden, Hjartdal, Kviteseid og Vinje skal også delta her. Det blir om lag 200 ungdommar som skal samlast til ei hektisk, men moro veke, med mykje leik, livsglede og undervisning.
Leiren utgjer om lag halve konfirmasjonsundervisninga. I tillegg vil det bli nokre samlingar gjennom året fram mot neste haust. Konfirmantane våre vil framleis vere tilstades på og vere med på å halde gudstenester gjennom året i 2024. Dei som av ulike årsaker ikkje kan eller vil være med på konf.leir har tilbud om å vere pilegrimskonfirmantar i staden.
Vi vil oppmode kyrkjelydene våre i Tokke til å vere med på å støtte konfirmantane våre. Konfirmasjon er ei familiehending som er flott. Samstundes er det også ei viktig hending i kyrkjelydene våre. Kvar sundag bed vi for konfirmantane våre, somme gonger deltek dei. Det er veldig flott om mange kjem på dei gudstenestene der ungdommen deltek, til dømes samtalegudstenesta, det syner at dei vert akta som verdifulle for oss. Til sist oppmodar vi også kyrkjelydene våre til å hugse på ungdommen i bøn gjennom året. Konfirmantåret i kyrkja vår skal vere ein skatt og ei kjelde å ha med seg vidare i livet.
Påmeldingskjema for konfirmant i Tokke
Det vert Kick-off i Seljord for alle 9.klassinger i Vest-Telemark. Anten du har bestemt deg for å være med på kyrkja sitt konfirmantopplegg, du er usikker, eller er ganske sikker på at du ikke skal konfirmere deg i kyrkja, men likevel er gira på ein kveld med tøpp stemning, er du velkommen! - Påmeldingsfrist er ikkje satt ennå.
Påmelding Kick-off i Seljord finn du her på siden til Ønsket og Elsket - IKKJE OPNA!
Alle må melde seg på konfirmantleiren "Ønsket og Elsket" i tillegg til den lokale påmeldinga for konfirmasjon i Tokke - Påmeldingsfrist er 18. juni 2023!
Påmelding konfirmantleiren finn du her på siden til "Ønsket og Elsket" - IKKJE OPNA!
De som av ulike årsaker ikke kan eller vil være med på konf.leir har tilbud om å være pilegrimskonfirmanter i stedet - Påmeldingsfrist:Ikkje satt ennå!
Påmelding til pilgrimskonfirmant - IKKJE OPNA!