Vigsel


Bryllaup er ein fest for kjærleiken. To menneske lovar å elske og ære kvarandre, og å halde saman i gode og vonde dagar resten av livet. Det handlar om dei to, men dei to står ikkje åleine. Løftene vert gjeven med vitne til stades.

Velkommen til å registrere din førespurnad om vigsel. Det er berre Eidsborg stavkyrkje som har lagt ut dato for mogleg tidspunkt for vigsel. Dersom de ynskjer å vie dykk i ei av våre andre kyrkjer, ber me om at dykk tek kontakt med kyrkjekontoret for å avklare dette. Skafså kyrkje, Mo kyrkje, Høydalsmo kyrkje og Lårdal kyrkje og Skafsåheii fjellkyrkje kan nyttast.
Du kan registrere all informasjon du har no, og seinare logge inn for å komplettere ved nytte same mobilnummer og fødselsnummer.

Les meir om vigsel på heimesida til Den norske kyrkja.
Her finn du blant anna link til viktige skjema som må fyllast ut, informasjon om korleis vigselen foregår, valmoglegheiter og vigselslitturgien.