Alle rettigheter 2019 Tokke kyrkjelege fellesråd

Konfirmasjon


Konfirmasjonstida i kyrkja er ikkje berre for deg som trur. Å være konfirmant i kyrkja er like mykje for deg som tvilar eller berre er nyfiken. I konfirmasjonstida får du muligheten til å utforske mange viktige spørsmål samen med andre.

Som konfirmant får du lære meir om Gud og deg sjølv. Vi snakkar om livet – på godt og ondt. Samstundes får du mange nye opplevingar. Du får vokse som menneske utan krav om å prestere. Bli med på ei spanande reise fram til den høgtidelege konfirmasjonsdagen!

Under finn du påmelding og anna relevant informasjon.